Ros til anlegget i Hyttehola

Anlegget i Hyttehola var skamrost av tilreisande deltakarar frå klubbane i Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins.

Flott skiveanlegg med stort  kjempefint oversikteleg stadion, dyktige funksjonærar og ikkje minst gode breide og varierte løypetrasear.

Når krinsleiar også på kretsen sine heimesider skriv at preparering, merking og ramma rundt er så god som ein kan få det, må vi vel seie oss godt nøgd med vårt fyrste skiskytterrenn.

Ein stor takk til alle våre dyktige funksjonærar, deltakarar, sponsorar, annonsørar og alle som møtte fram til vårt fyrste skiskytterrenn.

Ein spesiell takk til Sparebanken Møre som har gitt kr. 300 000 til skiskytteranlegget / trakkemaskin.

Dei har alle vore med på å sette Sunnylven på kartet, på ein serdeles positiv måte.

God påske

PS! På heimesidene til Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins ligg det mangre fine bilder frå Hyttehola.

 

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven