Sunnylven var i Ørsta fredag og tapte kampen 5-0.
I første omgang skapte Sunnylven nokre sjanser, men det var heimelaget som scora måla. Når dei først scora så kom to til på rappen, og dermed 3-0 i løpet av 5 min - dette var også pauseresultatet.
Etter pause fortsatte Sunnylven og skape sjanser, men det ville ikkje lukkast framfor målet. Som i første omgang var det heimelaget som tok best vare på sine sjanser, og sette to baller i nota og dermed 5-0 til Ørsta ved full tid.
Til tross for lettkjøpte mål bakover så spelte Sunnylven ein brukbar kamp, der fleire av dei unge spelane gjorde ein god innsats.
Neste oppgåve for Sunnylven er heimekamp torsdag 4.juni mot Hovdebygda.



Skriv kort ei årsak for det