Damer: På tabelltopp etter storsiger
Sunnylven sitt damelag brukte søndagen på langtur til Oshaugen grusbane på Sandsøya, og kunne returnere til Hellesylt med siger 8-1 mot Åram, og foreløpig tabell-leiing.
Sunnylven måtte tdileg opp for å komme seg avgårde til den gode grusbana, Oshaugen, på Sandsøya denne søndagen, og sidan laget brukte mange timer på denne kampen var det ekstra godt å returnere til Hellesylt med storsiger og velfortjente tre poeng.
Kampen mot Åram vart aldri spanande, Sunnylven var overlegne heilt frå starten av. Etter at første målet for gjestane kom, så kom dei neste sju jamnt og trutt.
Etter 4-0 leiing ved halvtid endte kampen til slutt med siger 8-1 for Sunnylvs-damene.
Måla vart scora av Kirsti Frøysadal Hauge (4), Kamilla Åsen (3) og Anne Jorun Hauge.
Laget: Elise Skjortnes, Ingvild Guro Hole, Sandra Kammen, May-Helen Hole, Jenny Rusten, Anniken Hjellbakk Hole, Anne Lise Lødøen Helset, Ingelin Storstein Hole, Anne Jorun Hauge, Kamilla Åsen, Kirsti Frøysadal Hauge.
Nytta innbyttarar var Maiken Hauge og Inga Vinje.
Dommar var Magne Jonny Krumsvik, IL Hødd.
Skriv kort ei årsak for det


