Sunnylven mangla ein del spelarar til denne kampen, og hadde derfor lånt inn forsterkningar frå damelaget. Sandra Kammen spelte heile kampen og Anniken Hjellbakk Hole spelte siste timen for heimelaget, og begge klarte seg meget bra mot eit hardtkjempande Ravn-lag.
I første omgang var Sunnylven det førande laget, og det tok ikkje lang tid før laget var i leiinga - Hans Kristian Hjellbakk Hole avslutta eit flott angrep med å sette inn leiarmålet. Torstein Tafjord auka leiinga, før Ravn reduserte etter knappe halvtimen. Sjølv om Sunnylven hadde fleire sjanser så vart det ikkje fleire mål, og dermed 2-1 ved pause.
Etter pause fortsatte heimelaget å dominere kampen, og med betre uttelling så kunne det blitt mange mål på Hellesylt stadion. Det blei Daniel Nybø Støverstein og Helge Tryggestad som kunne sikre sigeren med kvar si perlescoring. Dermed ein solid siger, 4-1, og tre nye poeng til Sunnylven.
Laget: Lars Jørgen Hole, Ole Hjalmar Bonsaksen, Sandra Kammen, Asbjørn Kvam Karbø, Sondre Nybø Støverstein, Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Helge Tryggestad, Per Ove Frøysa, Daniel Nybø Støverstein, Torstein Tafjord.
Nytta innbyttar var Anniken Hjellbakk Hole.



Skriv kort ei årsak for det