Etter at Sunnylven i forrige serierunde tapte 10-1 mot serieleiar Volda, var det eit revansjesugent heimelag som møtte Spjelkavik til kamp onsdag.
Frå første sekund var det klart at denne kampen skulle vinnast, og sjølv om Spjelkavik tok leiinga var det ikkje lenge før vertane var i føringa. Til pause leia Sunnylven 4-1.
Etter pause såg heimelaget seg aldri tilbake, og sjølv om trenar Hans Hole ga mykje speletid til heile stallen, så scora Sunnylven nye fire mål og fastsette dermed sluttresultatet til 8-1.



Skriv kort ei årsak for det