Heimetap i bunnkampen i 4. divisjon

Sunnylven tapte bunnkampen mot Hovdebygda 2-3, etter at gjestane leia 2-0 til pause. Alf Ole Sundgot og Terje Haugen Øye scora for Sunnylven, men Hovdebygda fekk det avgjerande målet heilt på tampen av kampen.

Sunnylven starta kampen bra, og hadde to farlege hjørnespark som kunne gitt scoring.  Når Hovdebygda får corner etter knappe 10 min, så utnytta dei den på beste måte og dermed 1-0 til bortelaget.

Utover omgangen spelte begge laga med mange lange framspel, og det var gjestane som var nærast scoring.  Fem minutt før pause utnytta Hovdebygda nok ein corner på beste måte og laget kunne gå til pause med tomålsleiing.

Etter pause starta Sunnylven godt, og etter ei god gjennombruddspasning fra Olav Åge Åsen kunne Alf Ole Sundgot redusere til 1-2.  Ikkje lenge etter kom utligninga, denne gongen gjorde Terje Haugen Øye alt sjølv og dermed 2-2.

Siste halvtimen bølga spelet fram og tilbake, og begge lag kunne scora fleire mål.  Rett før slutt kom målet som avgjorde kampen, og det var gjestane Hovdebygda som kunne juble for 3-2 og tre viktige poeng.

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
Kampfakta
Sunnylven - Hovdebygda: 2-3 (0-2)
Hellesylt stadion
4. juni 2009 19:00
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Assistentdomarar: Svein Ole Sørensen, VRF og Per Helge Liset, Stranda
Mål
Alf Ole Sundgot, 1 mål
Hovdebygda
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
29.09.2010 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-0)
16.06.2010 Hovdebygda - Sunnylven 1-0 (1-0)
19.09.2009 Hovdebygda - Sunnylven 3-2 (1-1)
04.06.2009 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-2)
07.10.2006 Sunnylven - Hovdebygda 4-1 (2-1)
29.06.2006 Hovdebygda - Sunnylven 1-3 (0-0)
07.04.2005 Sunnylven - Hovdebygda 3-1 (0-0)
14.08.1999 Sunnylven - Hovdebygda 3-0 (2-0)
05.05.1999 Hovdebygda - Sunnylven 2-4 (1-1)
01.09.1995 Hovdebygda - Sunnylven 1-6 (1-2)
01.06.1995 Sunnylven - Hovdebygda 2-2 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven