Flott innsats av skiskyttarar
I helga deltok fleire lovande skiskyttarar frå Sunnylven i konkurransar i anlegget til Stårheim IL. Her vart det mange gode plasseringar til dei unge utøvarane både laurdag og søndag.
Laurdag stilte heile 14 deltakarar frå Sunnylven til start, og på søndag var 11 med.
Laurdag var det normal program der Lars Kvam Karbø kom på ein fin 2.plass og Jørgen R Sæter vart nr.5 i kl.11-12 år.
Søndag sette Stian Frøysa og Inger R. Sæter standaren i nybyrjarklassa der dei begge skaut to fulle hus.
Lars Kvam Karbø var suveren på sprinten der han vann etter treff på alle ti blinkane. Dermed sikra han seg ”ugle”.
Klasse 13-14 år gjekk super-sprint, ei ny oppleving for alle: tre skyingar, tre ekstraskot på kvar skyting og strafferundar.
Helge Kvam Karbø kom på 8.plass, Trygve Tryggestad på 9.plass og Ivar R. Sæter på 12. plass, Håkon Kjellstad på 18. plass.
Sjå resultat frå konkurransane her
Relaterte saker
Nyaste saker


