Damelaget trenar

Damelaget til Sunnylven starta opp med fotballtrening 15. januar. Hans Hole er trenar for laget med ein spelarstall på 15.

Trena i ballbingen: Frå v. Ingelin Storstein Hole, Anne Lise Lødøen Helset, Ingvild Guro Hole, May-Helene Hole, Lise Petrin Westerås, Linn Helene Brekke, Ivrine Beate Tryggestad
Trenar Hans Hole er inne i ei hektisk tid. Langrennsesongen er på topp med mange konkurransar der han føl opp to av Sunnylven IL sine beste løparar. I tillegg har han trenaransvaret for damelaget i fotball, i år som i fjor.

Han fortel at laget trenar tre gonger i veka, måndag på kunstgrasbana til Stranda, onsdag i Strandahallen, og torsdag på Hellesylt grus og i ballbingen.

Til saman 15 spelarar har delteke på treningane, men Hole har tru på at spelarstallen vil auke  etter kvart. Mellom anna har Anniken Hjellbakk Hole prioritert ski inn til vidare.

Frå laget i fjor har Marthe Hjellbakk Hole, Karoline Aaland og Ingunn Runde slutta, men dei andre er med. Også dei med lengst rutine frå fotball som keeper Lillian Aasheim og storskorar Kirsti Frøysadal Hauge.

Damelaget til Sunnylven skal møte Spjelkavik i treningskamp på bortebane i februar. Seinare blir det fleire kampar, men motstandarar er enno ikkje klare.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven