Molde og Isfjorden arrangerer KM langrenn

Laurdag startar KM i langrenn med fristil på Skaret skisenter. Dagen etter er Isfjorden IL arrangør av klassisk.

Sunnylven IL deltek med tre løparar som alle er gode nok for det øverste trinnet på sigerspallen, i alle fall sterke medaljekandidatar.

Aller største favoritt er Anniken Hjellbakk Hole som har hevda seg mellom dei 10 – 12 fremste i Norgescupen så langt i vinter. Kanskje kan Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden by på kamp om gullet om ho stiller til start. K 19/20 går 5. km. både i fristil og klassisk.

Same distansar går Hans Kristian Hjellbakk Hole i G 16. Så langt i vinter har han delt på topplassen med Bjørn Lundanes, Emblem. Det blir nok ein duell mellom desse to også i helga.

Olav Erling Aaland går i G17 over 10 km. i begge stilartar. Dette er ei av dei store årsklassene med gode løparar både frå Molde & Omegn, Stordal og Surnadal. Sunnylvsløparen er også i form og kan vise til ein sterk 62. plass frå Norgescup for to veker sidan.

Ei spanande langrennshelg er i vente.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven