Herrelaget trenar for fullt

Sunnylven sitt herrelag er i gong med treningane til ein ny, lang fotballsesong. Også damelag, juniorlag og G 14 7-ar er påmeldt til sesongen så langt.

Sindre Hjelle held fram som sjef for herrelaget i 4. divisjon. Laget trenar tre gonger i veka, på Stranda kunstgras, Hellesylt grus og ein kveld i Strandahallen.

På trening på Stranda kunstgras nyleg deltok heile 18 spelarar. Ei svært positiv og god trening oppsummerer trenaren. Han håper å kunne ha ein stall på rundt 20 spelarar gjennom 2009 sesongen, mellom dei fleire aktuelle også frå juniorlaget.

Sindre Hjelle vil få eit manskap med mykje rutine. Ingen frå sesonen i fjor har lagt fotballskorne på hylla. I staden vil laget truleg få minst ei forsterking av ein angrepsspelar.

Treningskampar
Leiar i Sunnylven Fotball, Steinar Hjelle har klar fleire treningskampar framover vinteren. Fyrste går mot Giske tidleg i februar, deretter møter Sunnylven Stordal to gonger, Ellingsøy, HaNo og truleg Skodje før serien startar.

28. til 29. mars arrangerer fotballgruppa den årlege sosialturen til Sogndal for herrelag, damelag og juniorlag med kampar i Sognehallen. Motstandarar her er ikkje klare enno.

Snart er terminlista for årets sesong også klar. Etter framlegget opnar serien i 4. divisjon 16. april der Sunnylven møter Vigra borte. Fyrste lokaloppgjør mot Stranda er 30. april på Stranda stadion, retur på Hellesylt er oppsett til 13. august. Det kan bli enkelte små justeringar når treminlistemøtet bli halde.

 

Det meste er på plass når det gjeld trenarar og oppmenn, seier Steinar Hjelle.

G14 7-ar:
          Trenar Jens Arve Forbord, oppmann Randi Sæter.
Juniorlaget:
     Trenar Steinar Hjelle, oppmann Erling Hauge.
Damelaget:
      Trenar Hans Hole, oppmann Magnar Hauge.
Herrer:
              Trenar Sindre Hjelle, oppmann, ikkje klart enno.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven