Går fort i Granåsen
Olav Erling Aaland i G 17 gjekk 10 km. fri og inn til 81. plass. Også det ein kjempeflott prestasjon der 138 av landets beste løparar fullførte i knivskarpe konkurransen mot kvarandre.
Strindheim IL er arrangør av Spar Cup (Norgescup) for junior og senior. Anniken Hjellbakk Hole og Olav Erling Aaland går sprint på laurdag og distanserenn klassisk søndag.
Hans Hole, Sunnylven IL er ein av fleire leiarar som er med frå Møre og Romsdal. Han fortel om tøffe løyper i Granåsen med bratte bakkar og kvasse utforkøyringar. Det gjeld om å vere litt tøffe å renne om ein ikkje skal tape tid, seier han.
Det har blitt mykje skipreparering, men det blir jobba i team så det går greitt. Også veret har betra seg i Trondheim i kveld, fortel Hans Hole, så no ser alle fram til dei neste konkurransane med stor optimisme.
Les alle resultat her:


