God samling på Gålå

Storfjordlangrenn hadde snøsamling på Gålå frå 20. til 23. november. Ei bra samling, tykte leiar i Storfjordlangrenn Hans Hole, og trenar Hans Kristian Stadheim.
Det er viktig på slike samlingar at det er gode forhold, seier Hans Kristian Stadheim, vel heime på hybel i Oslo.

-På Gålå var flotte og gode treningsforhold. Ein del løparar har lagt ned store treningsmengder, nokre meir enn andre. No bør alle prioritere langkøyring og teknikk, trene godt, men passe på å halde seg friske. Skifte klede etter harde treningsøkter, få nok søvn og få i seg nok god og rett mat. Det gjeld om å halde trykket oppe, no er vi på langsida og då slappar vi ikkje av før mål,- seier NIH-studenten. Han trur løparane i Storfjordlangrenn får ein fin sesong, for det ser ut som mange har eit stort og godt treningsgrunnlag, seier han.

Samlinga på Gålå var den femte på rad som instruktør for Hans Kristian Stadheim. I det siste har det blitt to samlingar med Lyn og Koll, to med Team Kollen og ei med juniorlandslaget på Sjusjøen.

 
Mykje på ski

På Gålå vart det mykje på ski, mellom 10 og 15 mil totalt for kvar av dei 23 løparane frå Storfjordlangrenn og Stranda vidaregåande skule. I tillegg var det med fire frå Tomrefjord, så totalt var 34 med på samlinga, fortel leiar i overbygningsklubben, Hans Hole.

Det vart mange langturar, litt skileik og mykje instruksjon, og i tillegg eit testløp i fristil på Gålå. Utan å legge alt for mykje i det, tykte Hans Hole det såg lovande ut.

I likheit med trenarane var han svært godt nøgd med opphaldet dei fire dagane i Peer Gynt sine heimetrakter.
-Du kan ta fram universalsmørning og ha eit lag under, og du har gode ski heile dagen.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven