Gradestokken viste mest 30 grader då vi vitja brasbana på Blindheim. Om det var temperaturen som var årsaka skal vere usagt, men dei første 45 minutta mangla det meste som skal til for å ha håp om å ta poeng. Store avstandar i formasjonen, liten duell- og løpsvilje gjorde jobben lett for heimelaget. Dei fekk trille ball, og sette den fem gongar i nettet før dommaren bles til pause.
Den siste halvdelen viser spelarane seg frå ei anna side. Dei står opp med både løps- og duellvilje, og sjølv om vi taper med eitt mål denne omgongen, gjorde alle seg fortjent til respekt.
Det store spørsmålet og utfordringa er å finne ut kvifor starta vi ikkje kampen på same måte? Det får vi ta på neste trening…



Skriv kort ei årsak for det