God kamp av juniorlaget.
Juniorlaga til Stranda og Sunnylven gjorde opp om poenga på Stranda stadion måndag kveld. Gjestane leia til pause, men Stranda fekk ein litt heldig siger til slutt.
Stranda-Sunnylven 4-2 (0-2).
Mål Sunnylven: Daniel Støverstein og Helge Tryggestad.
Lag: Eirik Stenberg, Øyvind Hole, Emil Staurset, Asbjørn Kvam Karbø, Ole Hjalmar Bonsaksen, Henning Frøysa, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Per Ove Frøysa, Leif Rune Tryggestad, Helge Tryggestad, Daniel Støverstein.
Innbyttarar: Sondre Støverstein, Andreas Fjørstad, Lars Jørgen Hole.
Av Steinar Hjelle.
Kampen: Starta med at Stranda hadde eit visst overtak i byrjinga, men utan å komme til store sjansar. Sunnylven fekk ei tidleg skade og måtte gjere rokkeringar på laget, men likevel hang laget bra med. Etter halvspelt 1.omgang jamna spelet seg ut, og gjestane scora to flotte mål før pause.
Først Daniel Støverstein på eit skot frå 30 meter som gjekk rett i krysset, og deretter Helge Tryggestad som avslutta kampens flottaste angrep med sikker avslutning og tomålsleiing til pause.
I andre omgang åpna Sunnylven best, og kunne auka leiinga ved eit par høve. Likevel var det Stranda som fekk redusering etter eit skot som gjekk via ein forsvarar og i mål. Ikkje lenge etter utligna vertane på eit frispark som gjekk inn bak ein noko feilplassert keeper. Etter dette hadde Sunnylven fleire sjanser, blant anna ei avslutning som gjekk utanfor åpent mål. Det var derfor uheldig at Stranda fekk sitt tredje mål i ein god periode for Sunnylven, eit mål som i tillegg burde vore annulert for offside. Når Stranda putta sitt fjerde rett før slutt var kampen avgjort.
Oppsummering: Sunnylven gjorde ein god kamp, og det var tydeleg at Stranda vart stressa av eit veldig ungt gjestelag. I 85 min av kampen spelte Sunnylven med fire førsteårs guttespelarar, og over halve held guttealder. Sunnylven har også fokus på at alle skal få mykje speletid, og det har vist seg gjennom denne sesongen at det har vore nyttig og viktig. Medan andre lag ikkje bruker sine reserver før kampar er avgjort, så har ikkje resultat vore fokus i det heile for Sunnylven. Dette er noko laget vil tjene på i lengda, og alle spelarane får ei nyttig erfaring til seinare.
I dagens kamp jobba laget knallhardt for kvarandre, og gjorde juniorlaget til Stranda usikre og klarte å få dei ut av stilen. Bortelaget hadde speleglede, og alle var godt fornøgde med innsatsen etter kampen.
Vanskeleg å framheve enkeltspelarar etter ein slik kamp, der innsatsen til alle var upåklageleg.
Siste kamp for sesongen blir spela onsdag 8.oktober, borte mot FK Sykkylven.


