Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen

Storsiger til damelaget

Sunnylven sitt damelag avslutta vårsesongen med storsiger 6-1 over Brattvåg. No ventar ein velfortent feriepause for debutlaget som har imponert i 3. divisjon.

Kirsti Frøysadal t.v. og Jannicke Gjærde var to av mange gode på eit Sunnylven-lag søndag. 
Sunnylven med Kirsti Frøysadal Hauge var i storslag på eige gras søndag. Etter 2-0 ved pause såg sigeren trygg ut, men Brattvåg fekk si redusering ut i andre omgang, og dermed var det kamp igjen. Sjølv om gjestane var fårleg frampå med stongskot og gode angrep i begge omgangar, var det Sunnylven som styrte kampen. Eit trygt og godt forsvar, ei midtbane som aldri gav opp ein ball, og ein angrepsduo med Ivrine Tryggestad og Kirsti Frøysadal Hauge gjorde det travelt for Brattvåg.

Lillian Aasheim slapp å hente meir enn den eine ballen frå nota, i motsetning til sin kollega i det andre målet. Der kom det etter kvart fire nye i siste halvdel. Kirsti sette sitt tredje etter 72.   minutt, før ho tre minutt seinare la perfekt til Ivrine som gjorde 4-1. Også dei to siste hadde Kirsti ein ”fot” på då ho skaffa frispark på 20 meters hald 84 minutt ut i kampen , og straffespark eitt minutt seinare. Begge gonger donka Sandra Kammen ”kula” sikkert i mål.

Det var mykje jubel for Sunnylven sitt damelag som vann stort mot eit av topplaga i 3. divisjon. Laget har ein stor og god stall, det synte seg søndag då tre av dei faste, Jenny Rusten, Anne Jorunn Hauge og Ingelin Storstein Hole mangla.

Sunnylven tek ferie på 6. plass på tabellen med 14 poeng. Fortuna2/Guard leiar med 24 poeng.

Sunnylven sitt lag: Lillian Aasheim, Sandra Kammen, Ingunn Runde, May Helene Hole, Linn Kammen, Marthe Hjellbakk Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Anne Lise Lødøen Helset, Ivrine Tryggestad, Kirsti Frøysadal Hauge, Jannicke Gjærde.

Innbyttarar: Ingunn Bonsaksen, Linn Helene Brekke, Ingvild Guro Hole.

Dommar: Kjell Erik Slinning, Herd.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
03.09 19:00 Sunnylven - Stranda 3-5
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven