Deltok i Oslo-KM

Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL stilte på i gjesteklasse under Oslo KM i langrenn i Holmenkollen. Han kom i mål i ein lang 15. km. klassisk på 47.29 min., 2.43 min. etter vinnaren Joacim Jacobsen frå arrangørklubben Bækkelagets SK.
Det var fine forhold i løypene i Holmenkollen, og bra klaff med skia. Greitt gjennomført fyrste konkurransen i klassisk denne vinteren, tykte Hans Kristian. No blir det fleire løp. Komande helg går han Stenfjellrunden, eit 43. km. langt turrenn ved Hamar. Seinare blir det i alle fall Fjellsæterrunden, Vasaloppet og Birkebeineren. Vinnar av gjesteklassa i Oslo KM vart Sindre Stokke, Stokke IL på 45.18 min.

Hans Kristian Stadheim deltok i gjesteklassen i Holmenkollen.

Sjå resultatlista


-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven