Flott avslutning på KM
Hans Kristian Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole vart begge dobbeltvinnarar under KM i langrenn. I klassisk på søndag sikra også Øyvind Hole seg KM-medalje med 2. plass i gutar 16 år.
Meir dramatikk vart det i gutar 16 år. Her leia Øyvind Hole i innspurten mot mål. Men så skjedde det som ikkje skulle skje, handtaket losna frå staven og gode Øyvind hadde berre ein stav å spurte med. Dermed stakk Surnadal sin gullgut frå dagen før, Ole Sæterbø forbi til nok eit gull. Øyvind berga andreplassen, ei flott plassering også det å ta med heim frå eit KM i langrenn.
Anniken Hjellbakk Hole i J 18 gjekk på nytt eit godt løp. Også tidsmessig var ho på høgde med løparar i klasser over.
Stranda fekk også to KM-vinnarar søndag, ved Bjørnar Overvoll Hole i G 18, og Knut Anders Hatlen i menn senior.
Resultat:
G 11 år: 1. Bernt Marius Rørstad, Volda 7.58.9. 2. Tor Magnus Skorgenes, Tomrefjord 7.59.6. 3. Torgeir Hauso, Volda 8.31.2.
G 15 år: 1. Hans Kristian Hjellbakk Hole, Sunnylven 13.09.8. 2. Bjørn Lundanes, Emblem 13.11.8. 3. Johannes Løkkeborg, Emblem 13.51.7
J 18 år: 1. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven 14.25.8.
J 19/20 år: 1. Elisabeth Gjerde, Valldal 14.12.9. 2. Kjersti Hoel, Valldal 14.53.8.
G 18 år: 1. Bjørnar Overvoll Hole, Stranda 28.25.3.
Menn senior: 1. Knut Anders Hatlen, Stranda 24.53.8.
Fullstendig resultatliste: http://idrett.speaker.no/Downloads/26068/docs/KMklassisk_resultat.pdf


