Går for nye KM-medaljer
Komande helg er det KM langrenn, normaldistansar på Bondalseidet med Hovdebygda IL som arrangør. Lardag går løpa i fri, søndag i klassisk. Sunnylven deltek med fleire gull-kandidatar.
Hans Kristian Hjellbakk Hole går fyrst ut i klasse gutar 15 år og er favoritt til KM-tittelen. Sterke utfordrarar i klassa med 13 deltakarar er Bjørn Lundanes og Johannes Alnes Løkkeborg, begge Emblem.
I gutar 16 år får Olav Erling Aaland, KM-vinnar lang distanse, og Øyvind Hole hard kamp frå Ole Sæterbø, Surnadal og heimefavoritt Andreas Foldal, Hovdebygda. Her manglar dei to gode Stranda-løparane Anders og Fredrik Astad Sve, og Geir Marius Øie, Stordal. Kanskje kan Kenneth Fet, Velledalen overraske.
Anniken Hjellbakk Hole har ingen konkurranse i jenter 18 år, og få deltakarar er det også i dei andre junior og seniorklassene. Frå naboklubbar stiller i menn eldre junior Eirik Helsem, Stranda og Tarjei Lund Tafjord, Eidsdal, Steffen Hole, Sunnylven deltek berre i klassisk. Frå Stranda deltek også Bjørnar Overvoll Hole i G 18, og Knut Anders Hatlen, senior i KM på Bondalseidet.


