Satsar stort på skiskyting

I alt 125 deltakarar stilte til start i skyskyttaranlegget på Harpefossen 12. og 13. januar der Stårheim IL og Heggjabygda IL arrangerte kretsrenn. Sunnylven jobbar også godt og deltok med heile 19 jenter og gutar.

Ein del av deltakarane frå Sunnylven IL under rennet på Harpefossen i januar. (Foto: R. Tryggestad)
Treninga i haust hadde tydeleg vis gjeve resultat, for Sunnylven sine deltakarar hevda seg godt. Sjølv om anlegget i Hyttehola ikkje vart ferdig i haust, har laget sine unge utøvarar hatt brukbare treningstilhøve. Det meste av grunnarbeidet på det nye, flotte skiskyttararenaen er gjort, det same er sveising og kopling av dei femten skivestativa. Desse blir truleg ikkje sett på plass før snø og tele er borte til våren, opplyser leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL, Rune Tryggestad.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven