KM lang distanse i Surnadal
Anniken Hjellbakk Hole går ikkje KM lang distanse denne helga. Ved Nordmarka skisenter i Surnadal deltek litt over 100 løparar, og der er det meldt om fine forhold.
I G15 stiller Hans Kristian Hjellbakk Hole frå Sunnylven og Thomas Astad Sve, Stranda. Elisabet Overvoll Hole, Stranda er med i J 15, og i G 16 er Sunnylven representert med Øyvind Hole og Olav Erling Aaland, Anders Astad Sve og Fredrik Astad Sve, Stranda. Sterke utfordrarar i denne klassa er Andreas Foldal, Hovdebygda og Geir Marius Øie, Stordal.
Berre Bjørnar Overvoll Hole, Stranda og Tarjei Solli, Grøa kjempar om medaljene i G 18, og like tynt er det i G 19/20 med berre Tarjei Lund Tafjord, Eidsdal og Øyvind Bugge, Eidsvåg.
I senior menn er Knut Anders Hatlen, Stranda ein av seks startande, og i senior kvinner er Siv Kristin Tafjord, Eidsdal einaste deltakar.
Neste helg deltek Anniken Hjellbakk Hole i norgescup langrenn for junior og senior med Vind IL, Gjøvik som arrangør. Konkurransane startar komande fredag med Sunnylven IL sin gode juniorløpar på plass saman med resten av kretslaget til Møre og Romsdal. Anniken Hjellbakk Hole går 5 km. klassisk fredag, laurdag er det sprint fri teknikk, og søndag 10 km. fri teknikk.


