Instruksjon i skiteknikk

Skigruppa har instruksjon i skiteknikk/langrenn i Hyttehola kvar torsdag frå kl. 18.00.

Det er elevar ved Stranda vidaregåande skule, Marthe Hjellbakk Hole, Steffen Hole og Per Ove Frøysa som står for instruksjon i teknikk i både klassisk og fristil.

Preparerte løyper

Skigruppa opplyser også at det er preparerte løyper i Hyttehola med klassisk spor måndag og torsdag. Også andre dagar blir løypene preparert etter behov.

Sunnylvscup

Det nærmar seg Sunnylvscup på ski. Dag og datoar for avvikling av cupen blir kunngjort i lokalavisa og på denne nettsida.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven