Familiebading kvar fredag

Friidrett/trim startar opp med familiebading i symjehallen Sunnylven skule fredag 4. januar. Det blir bading kvar fredag fram til påske, men ikkje i vinterferieveka.

Retningsliner frå skuleeigar seier at det maks kan vere 25 badande i bassenget om gongen. Difor er badinga organisert som i fjor med desse badetider.

17.30-18.30: For born i følgje med foreldre, busett i sentrum/Reset/Ringdal/Ljøen.

18.30-19.30: For born i følgje med foreldre, busett i bygda og dalen.

19.30-20.00: For dei som ynskjer å symje.

Prisar: Vaksne kr. 25,-. Born kr. 15,-.

Hugs å ta med badehette.  

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven