Ny langrennshelg
Fredag startar løpa med sprint, laurdag er det klassisk over 5.0 km. og 7.5 km., og med stafettar søndag. Totalt deltek 21 løparar frå Møre og Romsdal på Hovedlandsrennet. Sunnylven er einaste klubb i indre Storfjordområdet som har med løparar i år. Andre som deltek frå Sunnmøre er Emblem med Bjørn Lundanes, Johannes Alnes Løkkeborg, og Hovdebygda med Andreas Foldal.
Vasaloppet
Spanande blir det også med det 90 km. lange Vasaloppet i Sverige. Der stiller til start for aller fyrste gong Hans Kristian Stadheim, einaste løpar frå Sunnylven. Frå Stranda deltek fleire, mellom dei armsterke Knut Anders Hatlen. Stakestyrke er nok ein fordel i ei heller flat løype mellom Selen og Mora.
På grunn av reise blir det ikkje direkte oppdatering frå dei to konkurransane her på nettsida. For Hovedlandsrennet, følg med på arrangøren si nettside: http://www.hlr2008.no/


