Sekundstrid i Fjellsæterrunden
Hatlen opna best og var i føringa med halvminuttet etter fyrste runde. På siste halvdel kom Øvrebust sterkt og var heilt på bakskia til Strandaløparen ein liten kilometer før mål, men store stakekrefter berga sigeren med 9 sekund. Hans Kristian Stadheim var 46 sekund etter vinnaren i mål på tredje best tid av rundt 50 deltakarar i lengste løypa, ein bekreftelse på at langdistanseforma er inne framfor Vasaloppet og Birken.
Arrangør av Fjellsæterrunden vart ikkje heldig med veret denne gongen, men kom som vanleg godt i mål med rennet. Mildver og nedbør under løpet skapte uklare og svært varierande smørjeval for løparane. Her er nokre resultat:
K 21-25 år: Camilla Myren Døving, Valldal 1.33.36
K 36-40 år: Liv Janne Øvrebust, Roche BIL 1.27.09
M 21-25 år: Hans Kristian Stadheim, Sunnylven 1.14.32. Ole Martin Hauge, Valldal 1.22.13.
M 26-30 år: Knut Anders Hatlen, Stranda 1.13.46. Stian Mork, Velledalen 1.23.29.
M 31-35 år: Geir Tomren, Tomrefjord 1.17.11. Ole J. Myrseth, Velledalen 1.31.30.
M 36-40 år: Jon Kåre Løvoll, Eidsdal 1.16.56. Ingvald Knivsflå, Geiranger 1.23.27. Asgeir Blindheim, Emblem 1.31.11.
M 41-45 år: Pål Bjørn Øvrebust, Stordal 1.13.55. Svein Arne Nakken, Velledalen 1.24.26.
M 51-55 år: Harald Starheim, Valldal 1.17.10.
M 61-65 år: Berth D. Wilhelmsen 1.17.15.


