Positivt spelarmøte

Sunnylven Fotball har halde spelarmøte for herrer, damer og juniorlaget i klubben. Alle laga satsar mot ein ny sesong og seriespel i 2009.

Som vanleg har det også denne hausten knytt seg ekstra spaning kring herre-laget, om klubben makta å stable på beina trenar og nok spelarar for neste sesong.


No er det meste på plass, og etter det vi kjenner til held Sindre Hjelle fram som trenar for Sunnylven sitt 4. divisjons-lag.


Det er også klart at dei aller fleste av dei rutinerte spelarane går på nok ein sesong, og at fleire frå juniorlaget rykker opp i A-stallen. Også mange av treningane blir felles mellom junior og seniorlaget.


Sindre Hjelle går på ein ny sesong som trenar, noko lagkaptein Jørgen Helset er godt nøgd med. Til tross for knapt med spelarar i haustsesongen i fjor sikra laget ny kontrakt og kom på ein flott 7. plass på tabellen. At Sindre ikkje gav opp med ”å kome i mål” med sesongen i fjor då laget sleit med spelarmangel, var imponerande bra tykkjer han.


Om sesongen i fjor er lagkapteinen godt nøgd med laget i fleire kampar, spesielt var forsvarsspelet bra, men sleit med å skore mål. Det må til om ein skal vinne kampar.


No jaktar klubben på ein ekstra angrepsspelar, fortel Jørgen Helset som gler seg til ein ny fotballsesong.


Det meste er på plass med spelarstall og støtteapparat, og treningane startar for fullt over nyttår.


Vi kjem tilbake med meir om spelarar, trenarar og støtteapparat for damelaget og juniorlaget.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven