Kunstgrasplanen klar på nyttåret

Planane for ombygging til kunstgras på Hellesylt stadion blir lyst ut på anbud like over nyttår. I løpet av 2009 vil stadion ha fått nytt dekke og asfaltert løpebane.

Denne veka var representantar for NFF og Stranda kommune på synfaring på Hellesylt stadion. Leiar i idrettslaget, Knut Dag Langeland orienterte.

Stranda kommune står som utbyggjar av Hellesylt stadion med asfaltert løpebane, kunstgrasdekke, og med undervarmeanlegg av sjøvatn. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 6.8 mill. kroner.

Siv.ing. Sven Aune som jobbar for NFF anleggskomite, såg for seg eit flott anlegg etter utbygginga. Planar og arbeid blir lyst ut på anbud, truleg tidleg i januar.

Anleggstart kan bli fyrst i mars trur Cato Andersen frå Stranda kommune, om ver og grunnforhold tillet det.

Grunnarbeidet vil ta kring seks veker, og legging av kunstgras to veker, sa Aune.

Om ikkje tilhøva tillet oppstart av arbeidet i mars/april, kan arbeidet bli utsett til etter Sommardagar på Hellesylt 10. til 12. juli, då fotballgruppa har søkt om heimekamp i 4. divisjon på Hellesylt stadion den helga.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven