Kalender
 
22.08.2010 13:00
Trimtreff 22.august

Idrettslaget snart millionbedrift

Sunnylven Idrettslag nærmar seg snart ein million i omsetning. Det viste resultatrekneskapet som totalt var på 882.000 kroner. På årsmøtet presenterte leiar Knut Dag Langeland ei fyldig årsmelding med positiv utvikling for 107-åringen.

2008 var eit godt arbeidsår for Sunnylven idrottslag, stod det å lese i årsmeldinga. I alle grupper hadde det vore god aktivitet og med mange flotte sportslege resultat. Klubben hadde med seniorlag, damelag, juniorlag og 8 aldersbestemte lag i fotball.

Friidrett/trim hadde hatt med deltakarar i løp også utanfor bygda, og det var rekordoppslutning om fjelltrimmen.


 Også skigruppa driv godt og har representert laget med løparar i renn rundt om i heile landet og til gode plasseringar.


 På anleggsida vart skiskyttarstadion i Hyttehola ferdig i 2008, og trim og treningssenteret på Hellesyltvart teke i bruk i oktober. Kunstgrasdekke på Hellesylt stadion har derimot drege ut med å få reaslisert, men Knut Dag Langeland trudde det ville skje noko også der i nær framtid.


Økonomisk kom Sunnylven IL ut med eit overskot på 16.000,-, mot eit underskot i fjor på 46.000,-. Samla omsetning auka med neste 190.000,- til 882.000,- kroner. Det var den store aktiviteten i fotballgruppa som i hovedsak var årsak til at laget nærma seg ein million i omsetning i 2008.


Sunnylven IL hadde 417 medlemer, ein nedgang på 8 frå året før. Medlemskontingenten er kr. 150,- for familie og aktive over 16 år, og kr. 75,- for born under 16 år.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven