Godt årsmøte i Sunnylven IL

Knut Dag Langeland held fram som leiar i Sunnylven IL. Årsmøtet samla rundt 20 av laget sine vel 400 medlemer torsdag kveld. Vedtak i både val og andre saker var samrøystes og gjekk greitt unna.

 Knut Dag Langeland t.h., Synnøve Kjellstad og Magnar Hauge får med seg gruppeleiarane i det nye hovedstyret i Sunnylven IL.
I hovedstyret held nestleiar Magnar Hauge og sekretær Synnøve Kjellstad fram. Det same gjer Steinar Hjelle som fotballeiar og Rune Tryggestad som leiar i skiskyttargruppa.. Nye gruppeleiarar vart Per Svein Hole, friidrett/trim, Asle Fivelstad, skigruppa og Ole Aasen, banenemnda. Gruppeleiarane er medlemer av hovedstyret i laget.

Det var kome inn eit forslag til å endre namnet på laget frå Sunnylven IL til Hellesylt IL. Saka var oppe som orienteringssak, men forslaget gav til kjenne ulike syn på ei eventuell namneendring mellom dei frammøtte. Truleg blir dette eit diskusjonstema på seinare møter.

Hovedstyret fekk fullmakt av årsmøtet til å vurdere kjøp av ei ny, brukt trakkemaskin. Den som laget eig i dag er gamal og krev vedlikehald.

Meir frå årsmøtet kjem.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven