Storsiger mot Vartdal
Uavgjort mot Stranda, tap mot HaNo på heimebane og kalassiger mot Vartdal med 6-0 i tredje runde. I kveld ligg Sunnylven på andre plass på tabellen.
Frå ein elendig heimekamp mot HaNo og tap 1-2 vist Sunnylven langt andre takter i bortemøtet mot Vartdal. 6-0 var solide saker, eller rett og slett imponerande. Vartdal, nykomar i divisjonen hadde lite å by på mot dei ”raude løvane” frå Hellesylt onsdag kveld. For i denne kampen kjempa laget, dei hadde reist for å gjere ein god kamp og hente tre poeng. Om trenar Sindre Hjelle hadde sagt nokre strenge, men velmeinande ord før dommar bles kampen i gong, veit ikkje vi. I alle fall vart fadesen frå heimekampen retta opp og det med bravur på Vartdal.
Målfesten starta tidleg i fyrste omgang for Sunnylven. Alt etter 8. minutt ordna Jørgen Helset 1-0 på heading etter corner. Minuttet etter kom 2-0, eit langskot fyrt av frå Helge Tryggestad. Det var i det heile gjestane som dominerte dette oppgjøret, for Daniel Berbecki i mål hadde sin rolegaste kamp så lagt i sin nye klubb. Etter 30 minutt kom 3-0 som også vart pauseresultatet. Alf Ole Sundgot skalla ballen i nota etter frispark.
I andre omgang heldt Sunnylven fram med skoringsfesten, 4-0 kom ved Alf Ole Sundgot, ein lobb over Vartdal sin målvaktar, 5-0 og 6-0 skalla Jørgen Helset i nota, det siste heilt på slutten av kampen.
Det var eit ”nytt” lag trenar Sindre Hjelle såg i denne kampen. -Det såg ut som alle tykte det var kjekt å spele fotball og jobbe for kvarandre. Ekstra kjekt er det at ein då får resultat og lønn for innsatsen. Sigeren mot Vartdal var viktig, det er eit lag vi truleg må kjempe mot på nedre halvdel av tabellen, - sa trenaren etter kampslutt.
Vartdal – Sunnylven 0-6 (0-3)
Mål Sunnylven: Jørgen Helset 3, Alf Ole Sundgot 2, Helge Tryggestad 1.
Sunnylven: Daniel Jerzy Berbecki, Kim Sture Flo, Tor Odd Kjellstadli, Jørgen Helset, Vidar Even Leite, Daniel Nybø Støverstein, Bård Forbord, Trond Ljøen, Jarl Eirik Frøysa, Helge Tryggestad, Alf Ole Sundgot.
Nytta Innbyttarar: Leif Rune Tryggestad, Robert Tryggestad.


