Poengdeling på Stranda stadion.

Kampen mellom Stranda og Sunnylven i 4. divisjon enda 1-1. Eit overraskande resultat for mange etter som Stranda var klar favoritt i dette nabooppgjøret.

Keeper Daniel Jerzy Berbecki storspela saman med straffeskyttar Bård Forbord
Det vart eit målfattig oppgjør då dei to naboklubbane gjorde opp om poenga under flotte forhold på Stranda stadion torsdag. Fyrste omgang vart mållaus, i andre kom ei skoring til kvart av laga. 160 betalande publikum kunne juble for Strandamål fyrst då Ronnie Furset dundra inn ein markkrypar etter 51. minutt. Heimelaget heldt fram å spele ball, men var uventa tannlause i avslutningane. Sunnylven skapte heller ikkje mykje, men etter 71. minutt kom Alf Ole Sundgot fri frå sine mange oppassarar og fossa inn i målfeltet. Der vart han takla ulovleg meinte dommar Mathias Smehus Kringstad, Valder som dømte straffe, og rødt kort til Endre Kjølås på heimelaget. Bård Forbord var sikker frå 11-meteren, og dermed stod det 1-1.

Stoppa alt

Med ti mann kjempa Stranda for sigersmålet, men den bakre forsvarsrekka hos Sunnylven stoppa alt, anført av kampens best Jørgen Helset. God var også laget sin nye keeper Daniel Jerzy Berbescki, ”stor” i feltet, fast i grepet om ballen og med fleire klasseredningar. Som frisparket til Stranda frå 17. meter med retning krysset seks minutt før full tid. Det enda til corner etter fenomenal klarering frå Daniel.

Rykker opp

Trenar Sindre Hjelle er samd i at vertane hadde det meste av banespelet, dei har mange gode spelarar og kjem til å rykke opp, trur han. Men han er også godt nøgd med slik Sunnylven gjennomførte kampen, for også dei raudkledde hadde fleire sjansar til skoring, både skot i stolpen og cornerspark. Det blir nesten feil å trekke fram enkelspelarar, for alle jobba for alle og det gav lønn i form av eit viktig poeng. Han tykte Jørgen Helset gjorde ein strålande kamp, det same gjorde Bård Forbord med si ro, Helge Tryggestad var aktiv gjennom 90. minutt, og framme jobba Alf Ole Sundgot utretteleg åleine og fekk mykje røff behandling, men som laget fekk betalt for det til slutt. Og sjølvsagt let han seg imponere av laget sin nye keeper, han var utruleg bra, tykte han.

Neste kamp for a-laget til Sunnylven er mot HaNo på Hellesylt stadion laurdag 24. april.

Stranda stadion, 4. divisjon.

Stranda – Sunnylven 1-1 (0-0)

Mål Stranda: Ronnie Furset (51.)

Lagkaptein for Sunnylven, Jørgen Helset var banens beste på Stranda stadion
Mål Sunnylven: Bård Forbord (straffe 71.)

Dommar: Mathias Smehus Kringstad, Valder.

Gule kort: Kjell Olav Hauge, Vidar Even Leite, Sunnylven

Rødt: Endre Kjølås, Stranda.

Publikum: 160 betalande.

Stranda: Thomas Hove, Erlend Langelo, Kim Vangen, Endre Kjølås, Thomas Roset, Martin Espelund, Fredrik Astad Sve, Christian Malmo, Kent Runar Vad, Ronnie Furset, Kato Vangen.

Innbyttarar: Kristian Smoge, Anderrs Astad Sve, Håkon Mikal Dalen, Stig Tore Lied.

Sunnylven: Daniel Jerzy Berbecki, Kim Sture Flo, Tor Odd Kjellstadli, Jørgen Helset, Vidar Even Leite, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Kjell Olav Hauge, Trond Ljøen, Jarl Eirik Frøysa, Alf Ole Sundgot.

Innbyttar: Andreas Fjørstad.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven