Juniordamene tok poeng
Sunnylven junior damer spela uavgjort 2-2 mot Fortuna2./Guard på Hellesylt stadion søndag. Ein flott kamp av heimelaget mot eitt av dei beste i 3. div. damer Sunnmøre.
Sunnylven viste liten respekt for gjestane frå Ålesund, og etter 4. minutt sende Ingelin Storstein Hole laget i leiing 1-0 etter flott framspel av Sandra Kammen. Men Fortuna2./Guard ville ikkje tape mot det unge vertslaget og kjempa for skoring. Utteljing fekk dei etter 17. minutt, og i det 41. minutt vart det leiing 2-1 som vart pauseresultatet.
Andre omgang starta med eit overtak til by-laget, men utan at det vart nettkjenning. Etter kvart kom Sunnylven meir med og hadde fleire fårlege overgangar på lange framspel til Kirsti Frøysadal Hauge og raske Ingelin Storstein Hole. Til slutt lukkast heimelaget og etter 60. minutt kom ei fortent utlikning då Kirsti nærmast rulla ballen i ope mål. Dermed 2-2 og poengdeling på Hellesylt stadion i ein underhaldande og spanande kamp.
Dommar: Per Helge Liset, Stranda.
Desse spela på Sunnylven: Lillian Aasheim, Anne Jorunn Hauge, Sandra Kammen, Jenny Rusten, Marthe Hjellbakk Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Ingunn Runde, Linn Kammen, Ingelin Storstein Hole, Kirsti Frøysadal Hauge, Ivrine Beate Tryggestad, Ingunn Bonsaksen.


