Storsiger til G12-laget

Sunnylven G12 vann heile 13-3 over Valldal 2. på Hellesylt grusbane onsdag kveld. Fem spelarar på heimelaget kom på skoringslista. Kennet-Andre Hole fekk notert sju nettsusarar.

Sunnylven sitt G12 lag kunne juble over nok ein siger. Frå venstre Andreas Nybø Støverstein, Helge Kvam Karbø, Pål Andre Lødøen Helset, Kenneth-Andre Hole, Markus Tryggestad Forbord, Trygve Aaland Tryggestad, Ivar Ringdal Sæter, Håkon Kjellstad, Alf-Helge Nessan.
Spesielt andre omgang vart eit målrikt oppgjør då Sunnylven sitt gode G12-lag fekk besøk av blåkvite motstandarar frå jordbærbygda Valldal. Etter 3-1 ved pause til heimelaget, vart sigeren på heile 13-3, sjølv om gjestane sin målmann imponerte med mange gode redningar. Men mot kjappe og energiske spelarar i rødt og blått, og med imponerande tekniske ferdigheiter vart det eit klart tap. Kenneth-Andre Hole 7 mål, Pål Andre Lødøen Helset 3 mål, Helge Kvam Karbø, Trygve Aaland Tryggestad og Ivar Ringdal Sæter 1 mål kvar. For Valldal 2. skora Håvard Sylte 2 mål, Andreas Nærø 1 mål.    

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven