Samrøystes for kunstgrasplanar
Årsmøtet i Sunnylven Idrottslag slutta seg samrøystes til planane om kunstgras og utbetring av løpebana på Hellesylt stadion. Årsmøtet håpa arbeidet kjem i gong like over nyttår.
Knut Dag Langeland held fram som leiar i idrettslaget, det same gjer alle gruppeleiarane. Alle val gjekk greitt med få utskiftingar av tillitsvalde.
Laget hadde 425 registrerte medlemer i 2007, ein nedgang på 27 frå året før. Årsmeldingar frå hovedstyret og undergrupper fortalde om stor idrettsleg aktivitet, og med gode plasseringar både i ski, friidrett og fotball. Resultatrekneskapen synte ei omstning på heile 696.000,- kroner i 2007, ein auke på 94.000,- frå året før, men store utgifter til drift og vedlikehald av maskiner og anlegg gav samla underskot for laget på 46.000,- kroner.
Val på årsmøtet i Sunnylven Idrottslag
Hovedstyret:
Leiar: Knut Dag Langeland, nestleiar: Magnar Hauge, sekretær: Synnøve Kjellstad, styremedlemer: Gisle Aaland, Kari Hauso Stadheim, Steinar Hjelle, Fredrik Stadheim.
Fotballgruppa:
Leiar: Steinar Hjelle, økonomiansvarleg: Per Kjell Leite, leiar yngres: (ikkje klart), yngresrepresentant: Helge Tryggestad, styremedlemer: Lillian Aasheim, Jens Vik.
Skigruppa/skiskyttargruppa:
Leiar ski: Gisle Aaland, styremedlemer: Hans Hole, Grete Bjørdal, Astrid R. Ringdal, Asle Fivelstad, Rune Hole (ny). Leiar skiskyting: Rune Tryggestad, styremedlemer: Asle Ringdal, Kjell Arne Dyrkorn.
Friidrett/trimgruppa:
Leiar: Kari Hauso Stadheim, styremedlemer: Lilli-Karin Ljøen, Per Svein Hole (ny), Leif Egil Åsen, Jostein Ringdal, Vidar Even Leite (ny).
Banenemnd:
Leiar: Fredrik Stadheim, medlemer: Per Amund Frøysa, Frode Nessan, Ole Aasen, Åge Gjørvad, Frank Øksvang (ny), Jørgen Helset (ny).
Kioskgruppe: Britt Hauge, Heidi Melvoll Hauge, Liss Frøysa, Inghild Storstein (ny).
Sponsorgruppe: Ruth Hole Aaland, Svein Runde, Magne Brekke (ny).
Valnemnd: Oddbjørn Tryggestad, Nina Øie Hole, Vidar Even Leite, Linn Helene Brekke
Revisorar: Arne Inge Tryggestad, Roger Tryggestad.


