Det var eit redusert Sunnylven som avslutta sesongen mot Norborg laurdag. Som ofte før var det spelarmangel til ein bortekamp, noko som førte til at trenaren for Sunnylven måtte knyte på fotballskoa og stille i den raude og blå drakta. Då hadde Sindre Hjelle -skrapa saman- ein fyrste-ellevar som spela heile kampen. På innbyttarbenken sat juniorkeeper og fotballeiaren i Sunnylven.
Kampen laurdag betydde lite for dei to laga som begge var sikra ny kontrakt i 4. divisjon. Spelet i fyrste omgang var labert og gav ikkje teljande resultat. Sunnylven sitt kompakte forsvar hadde Norborg vanskar med å bryte gjennom, og det som var av skot tok målvakt Knut Martin Tryggestad seg av. Laga gjekk til pause med 0-0.
Ti minutt ut i andre omgang kunne heimelaget juble for 1-0 og skoring ved Adrian Håbet. Men fem minutt før kampslutt ordnar Bård Forbord poengdeling på straffespark. Daniel Nybø Støverstein slår eit flott framspel på tvers til Jarl Eirik Larsen som er på full fart rundt keeper på veg mot ope mål. Men keeper skubbar med stive armar og dommar Christer Jensen dømmer korrekt straffespark. Forbord var sikker frå 11-meteren og kampen sluttar 1-1.
Eit redusert og noko urutinert mannskap avslutta ein dårleg haustsesong positivt for Sunnylven. -Ære vere dei som var med, dei gjorde ein heilhjarta innsats,- sa trenar Sindre Hjelle. -Vi fylgde planen slik vi var samde om og fekk betalt for det.- Han er likevel skuffa over haldninga til enkelte spelarar som har prioritert eigeninteresser framom klubben og laget ved fleire høve i haust. Men plassen i 4. divisjon vart sikra og det er er han glad for. -"No er det viktig at alle som vil ha eit a-lag i bygda går saman og jobbar for det. Klubben har fleire unge, talentfulle spelarar som vil bli berebjelkar i eit a-lag og som det er viktig å ta vare på."

