Sunnylven - Bergsøy
Sunnylven viste flott fotball og innsats då Bergsøy fek stryk 2-0 på Hellesylt stadion laurdag. Laget vann fortjent etter mål av Jan Ove Aslaksen i fyrste og Jarl Eirik Larsen etter kvilen. Sigeren sikra Sunnylven ny kontrakt i 4. divisjon neste år.

Kampen mellom Sunnylven og Bergsøy vart ei spanande og sjåverdig forestilling under gode speleforhold på Hellesylt stadion. Dette kunne vere vinn eller forsvinn frå 4. divisjon for heimelaget. Nedrykk skulle i tilfelle -koste dyrt-, for dei raude og blå kjempa som løvar frå start av.

Ny taktikk

Eit ungt heimelag hadde fått visse forsterkingar frå tapet mot Rollon. I mål var Knut Martin Tryggestad tilbake med eit solid forsvar framom, og på midtbana dirigerte rutinerte Kalle Hjelle i stor stil. Framme herja løpssterke Hans Kristian Stadheim, eit -sjakktrekk- frå trenaren som skulle vise seg å resultere i tre poeng.

Det gjekk ikkje meir enn 9. minutt av kampen før gjestane måtte bruke ureint spel for å stoppe Hans Kristian. Straffeskotet til Jan Ove Aslaksen gjekk i stolpen og ut til ingen ting. Etter halvtimen retta Aslaksen opp straffebommen då han gav Sunnylven fortjent leiing på ein hard markkrypar. Laga gjekk til pause på 1-0 leiing til heimelaget.

Andre omgang var 7. minutt gamal då innbyttar Jarl Eirik Larsen auka leiinga til 2-0 på ein flott lobb over Toni Sandanger i Bergsøy sitt mål.

Jubelrop

Fleire mål vart det ikkje sjølv om Sunnylven som det beste laget var nære skoring fleire gonger. Det unge heimelaget imponerte stort i denne kampen som fyrst og fremst var ein lagsiger. Bergsøy fekk lite til, anten hamna skota i klypene til Tryggestad eller  det minte om haustjakt på flygande måsar. Taktikken frå trenar Sindre Hjelle om å slite, rive opp og mørne motsatandar frå start av virka tydeleg perfekt. -Godt å høyre jubelropa i garderoba igjen,- tykte ein stornøgd trenar etter kampslutt. Sigeren var den fyrste i haust og gav fornya kontrakt i 4. divisjon til neste sesong.

Kampfakta
Sunnylven - Bergsøy: 2-0 (1-0)
Hellesylt stadion
6. oktober 2007 14:30
4. divisjon 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL
Assistentdomarar: Inge Andersen, Emblem IL og Kristian Melseth, FK Sykkylven
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Bergsøy
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
26.06.2010 Bergsøy 2 - Sunnylven 1-3 (1-0)
29.08.2009 Sunnylven - Bergsøy 3-4 (1-2)
16.05.2009 Bergsøy - Sunnylven 7-0 (2-0)
04.10.2008 Sunnylven - Bergsøy 2-4 (1-0)
21.06.2008 Bergsøy - Sunnylven 2-0 (0-0)
06.10.2007 Sunnylven - Bergsøy 2-0 (1-0)
28.06.2007 Bergsøy - Sunnylven 7-1 (4-0)
08.07.2000 Sunnylven - Bergsøy 2-5 (0-2)
29.04.2000 Bergsøy - Sunnylven 1-1 (0-1)
05.08.1995 Sunnylven - Bergsøy 1-7 (0-4)
29.04.1995 Bergsøy - Sunnylven 4-0 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven