Sunnylven var fullt på høgde med serieleiaren, heilt til dommar Fredrik Løken, Brattvåg gav direkte rødt kort til Karl Magnus Hjelle, ei avgjerd ingen på stadion forsto så mykje av. Midtbanekjempa hadde til då spela ein god kamp for Sunnylven, og utvisinga øydela mykje for heimelaget som til tider jobba svært bra for å sikre nye poeng.
Sunnylven hadde store sjansar til å ta leiinga to gonger i fyrste omgang ved Hans Kristian Stadheim og Jarl Eirik Larsen, men Øyvind Akerø i Godøy-målet avverga. Omgangen enda mållaus.
Etter 1-0 tidleg i andre ved Svein Arve Alnes auka øy-laget leiinga to gonger til, ved Trond Brynestad og ved Svein Arve Alnes på straffespark, før Helge Tryggestad skalla inn redusering til 1-3, dagens flottaste etter hjørnespark. Heilt på slutten kom eit sjølvmål som fastsette sluttresultatet til 4-1 siger til Godøy. Dermed leiar Godøy 4. div. når tre serierundar står att, tre poeng før Rollon som igjen er eitt poeng før Stranda. I botnstriden ligg Sunnylven framleis på sikker plass, fem poeng før HaNo som tapte 5-0 for Stranda og Stordal som fekk stryk 7-3 av Ørskog


