Åram/VanKam - Sunnylven
Eit reserveprega Sunnylven-lag overraska med uavgjort 2-2 mot Åram/Vankam på bortebane. Og gjestane var nær ved å ta alle poenga etter stolpeskot like før slutt.

Sunnylven vann andre omgang 1-0 på Åram-grusen laurdag. Dermed vart det poengdeling etter heimeleiing 2-1 ved pause. Eit greitt resultat, tykte trenar Sindre Hjelle sjølv om laget hans heldt på å ta alle poenga i sluttminutta. Hans Kristian Stadheim gjekk frå midten og knalla til, eit skot som gjekk i stolpen og ut og som keeper ikkje prøvde etter. Regnet heldt seg borte under kampen, men heimelaget hadde fordel av sterk medvind i fyrste omgang som spakna til andre.

Det var Åram/Vankam som tok leiinga etter 12. minutt, og Sunnylven utlikna i 19. minutt på frispark ved Kalle Hjelle. Like før pause var heimelaget i leiing igjen med 2-1.

Andre omgang vart mindre målrik. Alf Ole Sundgot skora omgangens einaste etter 60. minutt og dermed 2-2 og poendeling.

Godt å få med poeng frå bortebane og positivt å ta med seg til heimekampen mot Godøy neste helg, konkluderte trenaren som har ei langt fyldigare tropp til den kampen. Til bortekampen laurdag var det knapt med folk, også spelarar som ikkje har vore med i år. Men han tykte laget greidde seg bra og innsatsen og resultatet var positivt med tanke på å overleve i divisjonen. Og Hjelle legg til: -"Vi har ofte reist til Åram/Vankam med toppa lag, men kome heim utan poeng".
Kampfakta
Åram/Van.Kam - Sunnylven: 2-2 (2-1)
Eidsåvoll stadion
15. september 2007 15:00
4. divisjon 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Assistentdomarar: Arne Per Andersen, AaFK og Dag-Harald Moldskred, Hareid IL
Mål
Åram/Van.Kam
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Åram/Van.Kam?
Siger
38%
Uavgjort
6%
Tap
56%
Antall stemme:: 16
Alle møter:
25.09.2010 Sunnylven - Kvamsøy/ÅVK 2 9-1 (4-0)
05.06.2010 Kvamsøy/ÅVK 2 - Sunnylven 1-4 (0-2)
06.08.2009 Åram/VanKam - Sunnylven 5-1 (3-0)
24.04.2009 Sunnylven - Åram/VanKam 4-3 (4-2)
13.09.2008 Åram/Van.Kam - Sunnylven 1-1 (1-0)
29.05.2008 Sunnylven - Åram/Van.Kam 2-0 (2-0)
15.09.2007 Åram/Van.Kam - Sunnylven 2-2 (2-1)
07.06.2007 Sunnylven - Åram/Van.Kam 4-3 (1-2)
24.08.2006 Åram/Van.Kam. - Sunnylven 4-3 (0-0)
18.05.2006 Sunnylven - Åram/Van.Kam. 3-3 (1-2)
07.07.2005 Åram/Van.kam - Sunnylven 4-1 (1-0)
02.06.2005 Sunnylven - Åram/Van.kam 4-2 (2-1)
07.08.2004 Sunnylven - Åram/VanKam 4-0 (0-0)
01.05.2004 Åram/VanKam - Sunnylven 4-1 (1-0)
12.08.2000 Sunnylven - Åram/VanKam 2-3 (2-2)
09.05.2000 Åram/VanKam - Sunnylven 3-2 (1-1)
12.09.1992 VanKam - Sunnylven 3-1 (2-1)
09.06.1992 Sunnylven - VanKam 5-5 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven