Gode forhold i Hyttehola
Løypetraseen i Hyttehola er no preparert og klar for trening og trim. Det er meldt om gode forhold både for klassisk og fristil. Flotte forhold ventar også Storfjordlangrenn og krinslaget som dreg til Sjusjøen onsdag på treningssamling.
I Hyttehola er det lagt spor for klassisk mot Tronstad, og preparert for fristil andre halvdelen. Om vertilhøva held seg blir løypetraseen preparert.
Til Sjusjøen
På Sjusjøen har Storfjordlangrenn og kretslaget i langrenn frå Møre og Romsdal samling frå onsdag 21. nov. til søndag 25. nov. På kretslaget deltek mellom andre Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven og Eirik Helsem, Stranda. Dei to klubbane har desse løparane med på samling i regi Storfjordlangrenn. Sunnylven IL: Øyvind Hole, Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Steffen Hole, Per Ove Frøysa. Stranda: Fredrik Astad Sve, Anders Astad Sve, Thomas Astad Sve, Ole Marius Hagen, Bjørnar Overvoll Hole, Elisabet Overvoll Hole.
Programmet for samlinga i langrennsanlegget ved Lillehammer er langkøyring og intervall, testløp i fristil laurdag med restitusjonstrening etterpå. Laurdag kveld er det sosialt samvær med julebord for løparar og leiarar.


