Flott fotballfest

Kim Sture Flo var ikkje til stades, men vart tildelt to prisar på Sunnylven IL sin avslutningsfest i fotball laurdag. På dei to juniorlaga gjekk årets spelar-pris til Sandra Kammen og Helge Tryggestad. Ei lang rad andre trofè og blomster vart også overrakt under ein triveleg avslutningfest.

Prisvinnarar på junior damelaget, frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Jenny Rusten, Sandra Kammen.
Kim Sture Flo fekk trofeet både som årets spelar og publikums pris på a-laget. Han spela alle kampane til Sunnylven siste sesong, og står bokført med 63 kampar totalt så langt. Det vil auke, for han er klar til å gå på ein ny sesong.

Årets spelar på junior damelaget vart Sandra Kammen og på gutar junior fekk Helge Tryggestad utmerkinga. I trenarane sine tilbakeblikk på sesongen kom det fram mykje positiv omtale til spelarane, spesielt på dei to juniorlaga. Dei har tydeleg vis mannskap med mange kvalitetar som det skal byggjast vidare på til neste sesong. Og applausen sat laust mellom dei 70 som var til stades etter kvart som dei unge mottok sine prisar.

Også trenarar og støtteapparat fekk gåver og blomster frå spelarar og fotballeiing.

Aller mest applaus vart likevel fotballeiar Steinar Hjelle til del under festen på Peer Gynt Galleriet. Leiar i idrettslaget, Knut Dag Langeland takka han for den store innsatsen han har lagt ned for fotballen i laget. Og då Langeland fortalde at Steinar Hjelle av idrettslaget var foreslegen som kandidat til fotballkretsen sitt ”honorære leiarstipend”, vart nyheita helsa med ståande applaus frå forsamlinga.

På juniorlaget gutar fekk desse sine fotballtrofè, frå venstre Lars Jørgen Hole, Helge Tryggestad og Leif Rune Tryggestad.
Her er alle prisvinnarane:
A-laget: Årets spelar: Kim Sture Flo. Toppskorarpris: (Tre stk.) Terje Flåm, Jan Ove Aslaksen, Olav Åge Åsen. Treningpris: Leif Rune Tryggestad. Publikumsprisen: Kim Sture Flo.

Junior damer: Årets spelar: Sandra Kammen. Toppskorarpris: Kirsti Frøysadal Hauge. Treningspris: Jenny Rusten.

Junior gutar: Åres spelar: Helge Tryggestad. Toppskorar: Helge Tryggestad (20 mål) Treningspris: Leif Rune Tryggestad og Lars Jørgen Hole.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven