Førebur skisesongen

Skigruppa i Sunnylven IL førebur seg på ein ny, flott skisesong. Her er litt informasjon frå leiar i skigruppa, Gisle Aaland.

Skigruppa legg opp til topp forhold i Hyttehola om det blir stabile snøforhold. (Arkivfoto)
Hyttehola.

Dei som er ansvarlege for maskina og løypepreparering i Hyttehola, (Kjell Arne Dyrkorn, Trond Åge Dyrkorn, Asle Fivelstad og Anders Støverstein) har jobba intenst dei siste dagane med å få klar trakkemasina. No har dei starta preparering av traseen i Hyttehola, og dei som vil ha meir informasjon om forholda, kan ringe Kjell Arne på mob. 90670911.

Innetreninga.

Innetreninga held fram som før til ny beskjed blir gjeve. Neste torsdag 22. nov. går treninga ut på grunn av kollisjon med kino.

Vi er elles svært glade for den hjelp vi får i samband med innetreninga. Marthe, Anniken, Steffen og Per Ove, som alle går på Stranda v.g.skule, har teke på seg ansvaret for desse treningane. Frå kl. 17.30 har dei yngste div. øvelsar/leik fram til kl. 18.30, då dei eldste har sirkeltrening fram til kl. 19.30.

Vi håper at vi også får hjelp av desse fire kapasitetane når vi tek til på ski i Hyttehola. Vi kjem tilbake med informasjon om kva tid vi trenar og køyrer instruksjon i skianlegget.

Vi tek gjerne mot innspel om ting vi kan gjere på andre måtar, evt. ting vi må ha meir fokus på. Og dei som har lyst til å hjelpe til, er hjarteleg velkomne til å ta eit tak gjennom heile vinteren.

Arrangørseminar/Haustmøte.

Er det nokon som ynskjer å vere med på haustmøte i langrenn laurdag 17. nov. på Molde (kl. 11.00-14.00) evt. Arrangørseminar i Hornindal laurdag 24. nov., så ta kontakt med Gisle Aaland, mob. 93480833.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven