Sunnylven til Førde Cup
Sunnylven IL stiller fem lag i Førde Cup, ei stor innandørs fotballturnering med avspark fredag 9. november og sluttspel søndag 11. november.
Med spelarar, leiarar og supporterar reiser 47 personar med buss til Førde Cup komande helg. Lag frå Sunnmøre, Sogn og Fjordane og Hordaland er invitert til turneringa som vart arrangert fyrste gong i 1997. Sidan då har det auka med påmeldte lag jamt og trutt, til ny rekord i år med 140 lag frå 40 klubbar. Sunnylven stiller fem lag, to G19, J19, J16 og G16.
Kampane startar fredag kveld, og frå kl. 21.30 er tre lag frå Sunnylven IL i gong med innleiande kampar, alle mot lag frå arrangørklubben Førde. Laurdag morgon kl. 9.15 er det på nytt avspark for dei raude og blå.
sunnylven.no føl med turneringa og håper å kunne rapportere sluttresultat etter kvart.


