Ferre trimbesøk i 2007

Anette Frøysa og Stian Frøysa, stortrimmarar som besøkte alle trimpostane i 2007
Friidrett/trim delte ut diplomar og gåvekort for fjelltrimmen under den felles avslutningfesten med yngres fotball. Oppslutninga i 2007 viste nedgang i besøkstala på 11 % i høve til året før. Det var spesielt toppturane som hadde nedgang, på dei nære postane var det registrert auke.

Friidrett/trimgruppa har jobba med eit turkart for heile Stranda kommune som blir klart til neste år, og i tillegg har det blitt rydda reser og merka med raud prikk og V for verdsarv.

Innom alle postar

Flest poeng mellom vaksne i 2007 hadde Jostein Hole med 795 og Berit T. Hole 792. For 15 år og yngre var Olav Erling Aaland best med 312 poeng. Av dei yngste hadde Anette Frøysa og Stian Frøysa besøkt alle dei 23 trimpostane i løpet av sommaren, og det hadde også Mariann Frøysa, Per Svein Hole og Ann Janne Hole i klasse vaksne.

Vinnarar av gåvekort mellom dei som hadde besøkt ti eller fleire trimpostar vart Inga Vik, Olav Erling Aaland, Kari Hauso Stadheim og Arne Ringdal.

Registrerte besøk i 2007

Sendaren Ringdal 699, Stegholen 574, Nedstevatnet 404, Shell-kaia 835, Ljøbrekka 388, Skaret 552, Karbømarka 555, Høgane 431, Tronstadsetra 211, Kjellstaddalen 341, Hellebostadmarka 303, Skihella 225, Berga 261, Svarthammaren 287, Steimsnibba 63, Åsenakken 81, Vatnedalen 62, Liadalen 48, Haugedalen 83, Holedalen 69, Sætre-setra 42, Fedalen 35, Fagredalen 52.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven