Den store premiefesten

Svært mykje folk møtte fram då yngres fotball og friidrett/trim hadde sin årlege premiefest. Markus Tryggestad Forbord vart den heldige vinnar av den aller gjævaste utmerkinga, Rasmus Matvik`s minnepokal.

Markus Tryggestad Forbord, ein nøgd vinnar av Rasmus Matvik`s minnepokal.
Heile 71 gutar og jenter, talentfulle fotballspelarar vart premierte på festen. Kommentar frå trenarar og oppmenn fortalde om ein flott sesong for alle dei sju laga i aldersbestemt klasse. Dei fire yngste laga spela turnering, G12, J16 og G16 spela serie. Desse var mellom dei beste sesongen igjennom, der J16-laget fekk ekstra merksemd etter stålande innsats i Norway cup med tredje plass i a-sluttspelet. Gutelaget var for gode i G14, og etter søknad avslutta dei serien i G16-klassa. Også G12 leverte mange flotte kampar, og frå dette laget kom vinnaren av Rasmus Matvik`s minnepokal. Markus Tryggestad Forbord vart den sjette vinnar av pokalen som etter loddtrekking skal gå til ein spelar i aldersbestemt klasse. Fotballeiar Steinar Hjelle stod for overrekkinga. Tidlegare vinnarar har vore Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Tryggestad Forbord, og Linn Helene Brekke.

Åtte spelarar avla klubbdommarkurs siste sesong, og under festen fekk alle sine bevis. Det var Linn Helene Brekke, Sondre Nybø Støverstein, Eirik Stenberg, Henning Frøysa, Ingvild Guro Hole, Asbjørn Kvam Karbø, Ingunn Runde og May Helene Hole.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven