Sunnylven IL arrangør av VM

Sunnylven IL blir arrangør av Vestlandsmesterskapet i sprint langrenn komande vinter. Det går  fram av terminlista for Møre og Romsdal som no er klar. Konkurransen er også avslutningsrenn for SBM-cup 08.

 

Langrennsøvingane i sprint går i Hyttehola 6. april i klassisk stil og set punktum for ein lang konkurransesesong som startar på Skaret, Molda i romjula. Skikretsen har kalla inn til haustmøte i langrenn på Molde 17. november.

Også Stranda IL er VM-arrangør og avviklar langrenn for deltakarar frå dei tre Vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i fristil 5. april.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven