Godt Norgescup-løp

Anniken Hjellbakk Hole gjekk inn til 28. plass og tida 17.55.1 på 5 km. klassisk under Norgescup for senior og junior på Hovden laurdag. Ho var vel to minutt etter vinnaren i J 17 Karoline Bjerkeli Grøvdal, Isfjorden IL.

Vanskelege forhold og glatte ski øydela litt for Anniken Hjellbakk Hole i Norgescup klassisk på Hovden.
Det var nedbør som etter kvart gjekk over til regn. Anniken gjekk på røbb-ski, kanskje eit feil val når ein ser løpet i etterkant, seier ho på telefon frå Hovden. Det vart alt for glatt, og for dårleg feste tykte ho. Om ho ikkje var heilt nøgd, tok ho plasseringa med godt humør. Trass alt hadde ho over tredelen av konkurrentane bak seg, og det er Norges beste i J 17 ho konkurrerer mot. Men slik er det, enkelte gonger klaffar det med skival, andre gonger ikkje, seier ho.

Enno betre søndag

Søndag var det 10 km. fri teknikk. Der gjekk Anniken inn til ein sterk 14. plass på tida 30.46.6. Tuva Toftdahl, Heming vann på 28.30.1


Andre lokale plasseringar laurdag:


J 18: 25. Kirsten Hindhammer Amundsgård, Skåla IL 19.39.4.


J 19/20: 32: Randi Vikhagen Gjeitnes, Skåla IL 17.48.5. 35. Elisabeth Gjerde, Valldal IL 17.53.5. 47. Synnøve Hindhammer Amundsgård, Skåla IL 18.46.0.   


G 18, 10 km: 18. Runar Korsnes, Emblem IL 29.38.0 (2.03.4 bak vinnar)


Menn senior, 10 km: 60. Reiner Aaland, Hornindal IL 29.41.1. (2.49.4 etter vinnar Glenn Elvestad, Gjerdrum.)

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven