Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen

Ole Ringdal A/S møter Union Hotel

Søndag brakar Ole Ringdal A/S og Union Hotel Geiranger saman om best med fotballen på Hellesylt stadion. Truleg ligg mykje utradisjonell trening  bak før møtet mellom dei to laga.

Når vårsola varmar er Hellesylt stadion ei boblande kjelde for unge, eldre og tribuneslitarar. Her er det fotballkampar, ikkje berre om poeng og tittlar, men også for liv, moro og hygge.

Søndag 1. juli er det ny showkamp mellom Ole Ringdal A/S og Union Hotel, Geiranger. Kampen går kl. 17.00, og den bør mange få med seg.

Vi har ikkje spionert på treningane til dei to laga framfor prestisjeoppgjøret. Men vi veit at i Geiranger vart det lagt nytt kunstgras i ballbingen i vår, truleg for at servitørane på turisthotellet skulle få gode forhold med fotballen. Sjølv om ballbingen er langt mindre enn Hellesylt Stadion, er den likevel ein større treningsarena enn korridorar og dansesal på hotellet.

Korleis slaktarane på Hellesylt har trena veit vi heller ikkje. Det har nok gått i å sparke vekk kumagar og oksetestikklar, eller tome pappkasser på pakkeriet.

Møt fram på stadion og opplev stor fotball og eit spanande oppgjør, leia av fløyteblåsar Bård Forbord.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
03.09 19:00 Sunnylven - Stranda 3-5
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven