KM-helg for langrenn
Surnadal IL og Søya IL står som arrangørar av KM i langrenn enkelstart. To dagar før det brakar laust blir det meldt frå Nordmøre om god påmelding og flotte forhold i løypene.
Sunnylven IL deltek med seks løparar. Hans Kristian Hjellbakk Hole stiller i klasse 14 år, Olav Erling Aaland og Øyvind Hole er begge eitt år eldre. Marthe Hjellbakk Hole og Steffen Andreas Hole går i klasse eldre junior, 18 år. Anniken Hjellbakk Hole er mellom favorittane i J-17 år. Alle er meldt friske og i godt slag. Det vil overraske oss mykje om ikkje medaljer i fleire valør, også av det edlaste slag, er med tilbake til Sunnylven søndag kveld.
Også Stranda IL stiller med ei stor og sterk tropp. Anders Astad Sve, Fredrik Astad Sve, Thomas Astad Sve, Stine Korsedal, Elisabeth Overvoll Hole, Bjørnar Overvoll Hole, Eirik Andrè Helsem, Ole Marius Hagen og Knut Anders Hatlen.
Nordmarka skisenter er arena for 135 løparar som går klassisk stil laurdag, og på søndag nokre kilometer lenger sør er det fri teknikk på Vang skiarena.


