Skiskyting på Harpefossen
Nybyrjarklasse: Odin Dyrkorn, Lars Kvam Karbø, Jørgen Sæter, Sigurd Kjellstad.
Minirekrutt 11-12 år: Ivar Ringdal Sæter, Helge Kvam Karbø, Håkon Elias Kjellstad, Trygve Aaland Tryggestad.
Yngre rekrutt 13-14 år: Asbjørn Kvam Karbø, Henning Frøysa.
Eldre rekrutt 15-16 år: Ole Hjalmar Bonsaksen.
Det var vanskelege forhold under meisterskapen laurdag med kastevindar og snøbyger. Søndag var veret betre. Lars Kvam Karbø fekk beste tid av 21 deltakarar i si klasse.
Helge Kvam Karbø fekk som fyrste Sunnylving den høgthengande ugla som blir utdelt til dei som klarer å skyte feilfritt på liten blink i rennet. Under meisterskapen på Harpefossen vart det delt ut kun 2 ugler mellom 190 deltakarar som skaut på liten blink. Ein flott prestasjon av Helge Kvam Karbø.


