Lita deltaking i Sykkylvssprinten
Sjukdom gjorde at Sunnylven stilte med berre tre løparar i Sykkylvssprinten på ski. Og med totalt 55 deltakarar på start var fristilkonkurransen i terrenget på Fjellsætra ferdig på vel ein time.
Vi tek med lokale plasseringar og ein del andre resultat frå rennet:
K 17-7.5 km: 1. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 22.28
Frå Sunnylven IL deltok desse i Sykkylvssprinten søndag. Frå venstre Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole.
M 17-7.5 km: 1. Sondre Eikås, Hovdebygda IL 21.05. 4. Bjørnar Overvoll Hole, Stranda IL 22.24
M 18-7.5 km: 1. Runar Korsnes, Emblem IL 19.33
M 19/20-7.5 km: 1. Vegard Godø, Emblem IL 19.33
G 14-3 km: 1. Hans Kristian Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 9.38
J 14-3 km: 1. Elisabeth Overvoll Hole, Stranda IL 12.08
G 15-5 km: 1. Geir Marius Øie, Stordal IL 15.25. 4. Olav Erling Aaland, Sunnylven IL 16.16. 5. Ole M. Hagen, Stranda IL 16.19
Senior menn-10 km: 1. Bjørnar Øye, Hovdebygda IL 27.45. 2. Jon Kåre Løvoll, Eidsdal IL 28.14. 3. Stig Rune Lund, MOI 29.24
Relaterte saker
Nyaste saker


