Glimrande i lysløypa
Til glede for alle skiinteresserte har vinteren gjort sitt inntog, og skigruppa melder om flotte forhold i lysløypa. No blir det både -veterantreff-, og snart Sunnylvscup på ski.
Rundt 40 cm. snø har kome i området Hyttehola den siste tida. Med trekkemaskina har det blitt pakka ein god såle i heile lysløypa, så skileiar Gisle Aaland rapporterer onsdag kveld om gode forhold for skitrim. Aaland seier at skigruppa satsar på å køyre opp løypa dagleg frå ca. kl. 15.00.
Sunnylvscup og -veterantreff-
Endeleg er det blitt flotte forhold i lysløypa i Hyttehola.
Truleg blir det fyrste rennet i Sunnylvscup på ski arrangert onsdag 24.01. Endeleg bestemmelse om dag og tidspunkt blir kunngjort seinare.
Skigruppa håper på stor aktivitet i lysløypa. Og no blir ein nyskaping lansert, eit -veterantreff- for skiglade menn og kvinner kvar måndag, onsdag og fredag frå kl. 19.30. Så leit fram skiutstyret, tørrvoksen eller klistertuba og bli med på moro i lysløypa.
Relaterte saker
Nyaste saker


